Det har lenge vore arbeidd med å få rollespelet På flukt tilbake til fylket, og no har dette lukkast. Tidlegare var rollespelet ein del av kurset for dei fleste av våre konfirmantar, lokalisert til Indre Sogn.
Menneskerettar er eit sentralt tema i kurset for humanistiske konfirmantar. Rollespelet På flukt er eit utmerka utgangspunkt for å diskutere menneskerettar, og eit viktig tiltak for å motverke framandfrykt og rasisme. Ungdommane som deltar vil kunne få erfaringar som dei tar med seg vidare i livet, og som kanskje har gjort dei meir bevisste i høve til toleranse og respekt for andre.
Rollespelet er arrangert av Røde Kors Ungdom. Dei har skulerte instruktørar i roller som grensevakter, passkontrollørar, soldatar, m.m. I førearbeidet til rollespelet, blir konfirmantane delt inn i familiegrupper. Flukta varer i 24 timar, og føregår for det meste utandørs.Gjennom dette døgnet vil dei få kjenne på kroppen noko av det ein flyktning kan oppleve. Tidlegare konfirmantar vil anbefale alle ungdomar å delta i rollespelet, trass i eit tøft døgn. "Vi har lært noko for heile livet," seier mange av dei.
Til hausten får Humanistiske konfirmantar i Sunnfjord og Sogn igjen høve til å delta på rollespelet På flukt.