Formålet med Humanistisk namnefest er å markere ei av dei store hendingane i livet med ein seremoni på humanistisk grunnlag. I første rekkje handlar det om å feire at eit barn er født og har fått sitt eige namn, ein identitet og å ønskje barnet velkomen til verda.
Humanistisk namnefest blir arrangert av Human-Etisk Forbund og er ein vakker og glad seremoni på eit humanistisk og ikkje-religiøst grunnlag. Seremonien er ei feiring av barnet. Foreldra tar barnet med for at alle som er til stades, "samfunnet", skal få helse barnet velkomen og barnet sitt namn skal bli "offentleg" kjent. Seremonien inneheld ulike kulturinnslag, i tillegg til ein tale og utdeling av namnetavle. Musikarar speler stemningsfulle tonar, og det kan vere diktlesing og song.
Seremonien varar mindre enn ein time, og føregår i eit festlokale i nærmiljøet der det er plass til å ta med familie og vener.
Alle som ønskjer ei slik markering kan delta. Det er ingen krav til medlemskap i Human-Etisk Forbund.
Namnefestar i Sogn og Fjordane i 2012
- Eid: 31. mars og 17. november
- Florø: 21. april
- Sogndal: 9. juni og 6.oktober
- Førde: 6. oktober
Pris kr 1700 for barn av ikkje-medlem, eller kr 750 for barn av medlem.
Vanlege spørsmål om Humanistisk namnefest
Kva er vanleg alder på barna?
Alder på namnebarna varierar frå eit par månadar til eit par år, men dei fleste er mellom 4 og 10 månadar.
Må vi vere medlem i Human-Etisk Forbund for å delta?
Nei, tilbod om namnefest er for alle uavhengig av medlemskap, men medlemer sine barn får rabatt på Humanistisk namnefest.
Kan ein ha fadrar?
Nei, det er ingen fadderfunksjon. Fadrar er brukt i dåp og er ei kristen forplikting. I Humanistisk namnefest hadde ein tidlegare ei ordning med "vitne". Dette var ei slags prøveordning, og er no avslutta. Dersom foreldre ønskjer noko tilsvarande, kan ein ordne dette privat ved å spørre om nokon kan vere ein nær kontakt av barnet i oppveksten. Human-Etisk Forbund har ingen organisering av dette.
Kan vi bruke dåpskjole?
Ja, dåpskjole kan brukast. Det er ingen krav til antrekk hos namnebarna. Antrekk er vanlege, pene klede, eller dåpskjolar. Kle barna slik dere ønskjer. Nokre familiar har ein dåpskjole som har gått på omgang i slekta i lang tid, og det er naturleg at bruk av dåpskjole betyr mykje for familien. Det vanlege er at både barn, foreldre og gjester pyntar seg i bunad/kjole/drakt/dress eller liknande.
Kan vi kjøpe ein namnetavle til vår private markering?
Namnetavla er berre for dei som deltar i seremonien i regi av forbundet. Namnetavla kan difor ikkje kjøpast til privat bruk. Dette gjeld både medlemer og ikkje-medlemer. Tips: Til ei privat markering kan t.d. ei bok (diktbok, barnebok, songbok e.l.) bli lagt fram og signerast av gjestene. Det kan vere eit hyggjeleg minne om dagen.