Kommune snudde etter lokalt engasjement
Etter fyst å ha nekta å flagge med Pride-flagg, snudde Kvinnherad kommune etter press frå stort lokalt engasjement.
– Da kommunen på førespurnad frå StoraPride avstod frå å flagge, med grunngivinga at Kvinnherad ikkje hadde eit pride-arrangement, starta vi ein komitee for å få eit arrangement i kommunen. Eg blei valt som leiar for komiteen, fortel Karl Petter Vårdal.
Han har vore leiar for konfirmasjonsutvalet i Kvinnherad i tre år, det har han vore i lag med Gaute Lund. I tillegg har han nyleg blitt vald til styremedlem i Human-Etisk Forbund Hordaland.
– Vi har lagt til rette for at kommunen kan følgje flagglova, ved å markere Pride utanfor Rådhuset i Rosendal.
Karl Petter er kjempeglad for at det nå blir Pride-flagg på kommunens flaggstenger i forbindelse med den lokale og nasjonale markeringa av Pride. Pride er ei feiring av skeiv kjærleik og kjønns- og seksualitetsmangfald. I Noreg er det Foreininga Fri som har vært initiativtakar til feiringa.
# Viktig markering
– Pride-markering er viktig for å synleggjere at kommunen er open og inkluderande, også for dei som har ein anna legning. Det er også viktig å markere Pride for å redusere hets mot skeive, seier Karl Petter.
Forskingsrapporten Skeiv på bygda (2015) viste at ungdomstida er krevjande for personar som ikkje er heterofile og veks opp på landsbygda og i mindre norske byar. Difor er det særleg viktig at kommunar viser si støtte for annleisheit.
– Pride i Kvinnherad vert arrangert for fyste gong i år. Etter alle solemerke kjem det til å bli ei kjekk markering, seier Karl Petter som også vil å takka alle som er i den lokale Pride-komiteen for godt arbeid.
# Ynsker at alle kommunar markerer
– Human-Etisk Forbund er opptatt av at ein skal få være seg sjølv og elske kven ein vil, seier Christian Lomsdalen, nestleiar i Human-Etisk Forbund.
Da Bømlo kommune i fjor ble politimeld av Partiet de kristne for å flagge med Pride-flagget, dro Christian og ein gjeng lokale humanistar til kommunen for å henge opp over 300 Pride-flagg i sentrum.
– I år håper vi at alle norske kommunar vel å markere Pride på sine flaggstenger! Om dei ikkje gjer det, har eg skaffa ein seks meter lang flaggstong! seier Christian.