Hopp til hovedinnhold

Minneord Oddbjørn Bukve (1951 – 2023)


Tidlegare lokalagsleiar i HEF Indre Sogn, Oddbjørn Bukve, gjekk ut av tida 21.mai. Han skulle fylt 72 år same dag som dette vert skrive, 8. juni.

Han vart fødd og vaks opp i Jostedalen, og synte tidleg stor interesse for kva lesekunsten kunne bringe. Både som ung og seinare i livet var ordet, kunnskap tileigna gjennom tekst, og sanning sentralt for han. Som så mange andre måtte han ut for å lære, først til ungdomsskule i Årdal, seinare gymnas i Sogndal og studiar i statsvitskap i Bergen. Alle stader med framifrå resultat. Han vart magister i offentleg administrasjons- og organisasjonskunnskap i 1977, og seinare dr.philos og professor i statsvitskap basert på sitt virke som forskar og undervisar ved både Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet (tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane), dit han kom i 1986, etter 6 år som forskar i Finnmark.

Gjennom sitt mangeårige arbeid som forskar publiserte Oddbjørn ei lang rad fagbøker og artiklar. Mange har hatt glede av hans innsikt om kommunal forvaltning, næringspolitikk og regional utvikling. Den grunnleggande haldninga om å søke sanning gjennom prosessar som kunne etterprøvast, kom særleg til uttrykk gjennom boka «Forstå, forklare, forandre: om design av samfunnsvitskapelege forskingsprosjekt» som kom ut i 2016, og på internasjonalt forlag i 2019 med tittelen «Designing Social Science Research».

Men han var ikkje berre teoretikar, han praktiserte kunnskapen, og levde haldningane. Han engasjerte seg i målrørsla, i miljøvern, i lokalpolitikken. Han hadde verv både lokalt og nasjonalt i Noregs Mållag og i Human-Etisk Forbund. Hans samtidige i lokallaget i Sogn seier at det humanistiske verdisynet sto sterkt hos Oddbjørn, at hans leiarskap var særs ryddig, og alt arbeid var grundig og utviklande for både lokal- og fylkesnivået. Som hans medarbeidar og doktorgradsstudent gjennom mange år ved Vestlandsforsking, og seinare som kollega ved Høgskulen, kan eg kjenne att denne karakteristikken. Har kjente kor grensene gjekk, men om dei var til hinder for å få til gode løysingar, var han også konstruktiv og ryddig i prosessar for å flytte på desse, ikkje for eiga vinning, men for det han trudde på. Inst inne handla det om livsvilkår for oss og etterkommarane våre, noko som også kom til uttrykk da han stilte til val til kommunestyret i Sogndal i 2019: «eg meiner at vi som har levd ei stund skuldar å overlevere ei betre verd til kommande generasjonar». Det er humanisme i praksis.

Human-Etisk Forbund i Indre Sogn takkar for innsatsen for laget og for lokalsamfunnet.

Våre tankar går til kona Signe, dei to sønene, Steinar og Knut Olav, mora Magda og resten av familien.   

For Lokallagsstyret Human-Etisk Forbund Indre Sogn