Vil du arrangere konfirmasjonsseremoniar på Stord og Bømlo?

Humanistisk konfirmasjon er ein viktig del av tilbodet til Human-Etisk Forbund. No treng vi fleire engasjerte frivillige som vil bidra til å skape ei vakker ramme rundt konfirmasjonane våre på Stord og Bømlo.
Vi lys ut følgande verv til eit heilt nytt seremoniutval på konfirmasjon i Sunnhordland:
· Seremoniansvarleg
· Medlem i utvalet
Verva er honorerte.
Desse verva skal i hovudsak stå for organisering av seremoniane, samt planlegge og delegere oppgåver til andre frivillige.
Utvalet vil få tilgang til malar, verktøy og nødvendig opplæring for å kunne utføre vervet sitt. Det krevst derfor ingen særskilde forkunnskapar, berre engasjement og ønske om å skape gode opplevingar for andre.
Mange av oppgåvene i seremoniane kan med fordel planleggast i god tid på førehand. Seremonidato og klokkeslett skal avklarast i god tid, og for heile året. Detaljar for arbeidsoppgåvene vil bli avtalt med dei som tar på seg dei ulike verva.
I 2024 er det fastsett seremoniar på følgande datoar:
· 27. april kl. 10, kl. 12 og kl. 14 i Stord Kulturhus
· 28. april kl. 10, kl. 12 og kl. 14 i Stord Kulturhus
· 4. mai kl. 11 og kl. 13 i Bømlo kulturhus
Ønskjer du å søke? Fyll ut dette skjemaet, så tar vi kontakt med deg!
Søknadsfrist: 1. desember
Ønsker du å bli kursleder, så finner du alt om dette vervet på denne linken.
_____________________________________________________________
Vervsbeskriving for seremoniansvarleg ved Humanistisk konfirmasjon
Seremoniansvarleg har ansvar for at seremoniane våre framstår høgtidelege, verdige og stilfulle, med ei glad og optimistisk stemning. Seremoniansvarleg har eit ansvar for at seremonien har ein tydeleg regi og at alle aktørar i seremonien veit kva dei skal gjere.
Oppgåver:
· Hovudansvar for planlegging, gjennomføring, innhald og etterarbeid knytt til konfirmasjonsseremoni
· Inngå avtalar i samanheng med seremonigjennomføring
· Kvalitetssikre innhald i seremoniane, deriblant òg konfirmantbidrag
· Sørge for å trygge konfirmantane i deira rolle i seremonien
· Sikre koordinering opp mot lokallag, administrasjon og seremonistad
· Sette deg inn i HEF sine retningslinjer og vedtekne dokument
· Delta på opplæring og årlege regionale seremonisamlingar
· Delta i forbundet si ordning for fagleg utvikling og kvalitetssikring
Kva får du som seremoniansvarleg:
· Eit unikt og meiningsfullt verv
· Sosialt og fagleg nettverk med andre livssynsarbeidarar i HEF
· Kurs, opplæring og jamleg fagleg vidareutvikling
· Fagleg og administrativ støtte i vervet
· Kjennskap og erfaring med å leie arrangement
· Honorar for utført oppdrag i samsvar med kontrakt
· Ein attest som fortel kva slags oppdrag du har hatt og kva for ein kompetanse du har tileigna deg
Ønskjer du å søkje? Fyll ut dette skjemaet, så ta vi kontakt med deg!