Årsmøte i Sogn og Fjordane regionlag
Vi ønskjer velkomen til årskonferanse og årsmøte laurdag til søndag 18.-19. mars på Thon Hotell Jølster.

Årsmøtet vert arrangert søndag 19. mars. Deltakarar vert inviterte til å overnatte på hotellet og delta begge dagar (konferansen på laurdag og årsmøtet på søndag).
Konferansen startar med lunsj i restauranten til hotellet laurdag kl. 12 og årsmøtet vert avslutta med lunsj på søndag.
Kven som er delegatar vert bestemd på lokallaga sine årsmøte og på medlemsmøtet til avdelingane under regionlaget. Delegatar vil få ei eiga påminning når dette er avklart.
Dersom de i lokallaga har saker de vil ha behandla på regionlagsårsmøtet må desse sendast til leiar Magni Hjertenes Flyum (magnihf@gmail.com) innan 10. mars.
Det er forventa at valde delegatar har gjort seg kjend med alle sakene til årsmøtet. Sakspapir vil vere tilgjengeleg på human.no frå fredag 10. mars.
Påmeldingsfrist 5. mars.
Sakliste for årsmøtet:
Sak 01/23 Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 02/23 Godkjenning av forretningsorden
Sak 03/23 Konstituering, val av ordstyrar , referent og protokollunderskrivarar
Sak 04/23 Årsmelding 2022
Sak 05/23 Rekneskap 2022 og revisjon
Sak 06/23 Innkomande saker
Workshop frivilligheitsstrategi
Sak 07/23 Val
Val av delegatfordeling årsmøtet 2024
Val av delegatar landsmøtet 2023
Velkomen til konferanse og årsmøte på Jølster!