Bridge i Bergen
Tysdag 29. november klokka 18:00 kjem bridgelaget til Human-Etisk Forbund saman for ein kjekk og sosial spelekveld.

Bridgelaget arrangerer spelekveldar kvar tysdag i Human-Etisk Forbund sine lokale i Bergen (Christian Michelsens gate 4, fjerde etasje). På spelekveldane lærer vi både teori og korleis ein praktisk speler bridge.
Bridgekveldane er opne for alle som ønskjer å delta. Anten du kjenner spelet godt eller er relativt fersk, er du hjarteleg velkomen til å bli med. Ta gjerne kontakt per e-post (post@hefbridge.no) om du har spørsmål om arrangementet eller bridgelaget generelt.