Hopp til hovedinnhold

06.12

Bridge i Bergen

Tysdag 6. desember klokka 18:00 kjem bridgelaget til Human-Etisk Forbund saman for ein kjekk og sosial spelekveld.

Christian Michelsens gate 4, 4.etasje
5012 Bergen

Bridgelaget arrangerer spelekveldar kvar tysdag i Human-Etisk Forbund sine lokale i Bergen (Christian Michelsens gate 4, fjerde etasje). På spelekveldane lærer vi både teori og korleis ein praktisk speler bridge.

Bridgekveldane er opne for alle som ønskjer å delta. Anten du kjenner spelet godt eller er relativt fersk, er du hjarteleg velkomen til å bli med. Ta gjerne kontakt per e-post ([email protected]) om du har spørsmål om arrangementet eller bridgelaget generelt.