Bridgelaget arrangerer spelekveldar kvar tysdag. På spelekveldane lærer vi både teori og korleis ein praktisk speler bridge.
Oppmøte kl 17:20, me startar spelet kl 17:30.
Bridgekveldane er opne for alle som ønskjer å delta. Anten du kjenner spelet godt eller er relativt fersk, er du hjarteleg velkomen til å bli med!
Ta gjerne kontakt per e-post (post@hefbridge.no) om du har spørsmål om arrangementet eller bridgelaget generelt.