Hopp til hovedinnhold

17.01

med forbundsleiar Christian Lomsdalen

Det livssynsopne samfunnet og dets tyding for Noreg

Kva betyr eigentleg det livssynsopne samfunnet? Er me der allereie? Viss ikkje, kva står att for å oppnå dette idealet? Det er politisk vedteke, men er me der? Kva betyr det i så fall for staten, kommunane, og NRK? Eller kva med for skulen, gravferdene våre, eller Forsvaret? Betyr det noko for sjukehusa våre eller universitetetene?

Strilabiblioteket
Kvernhushaugane 2 , 5914 Isdalstø

I dette foredraget og oppspelet til dialog teiknar Christian Lomsdalen eit bilete av kva som ligg i "kristne og humanistiske arv" og korleis me kom fram til tanken om det livssynsopne samfunnet. Han inviterer til dialog om me er der no, eller kva som står att for at me skal komma dit.

Christian Lomsdalen er styreleiar i Human-etisk Forbund, og jobbar til dagleg som doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Bergen. Han er lærar, podkastar, og aktiv samfunnsdebattant.

Foredraget og dialogen blir gjennomført på Strilabiblioteket på Knarvik, og det blir servert kaffi. Arrangementet er i regi av aktivitetsutvalet i Human-etisk Forbund Hordaland, og er gratis og ope for alle. Medlemmer og ikkje-medlemmer.