Ei togtur gjennom Europa
Velkommen til ei hyggelig føremiddag der Lars Kristian Strønen viser fine bilder og forteller om sin tur med tog i Europa.
Strønen er pensjonist og reiseentusiast og reiste i 2022 i to månader gjennom 12 land i Aust- og Sør- Europa med Interrail. Det var ei reise med mange spanande opplevingar innan kultur, natur, gastronomi m.m. kvar dag.
Å reise med tog er behageleg og ei oppleving i seg sjølv. Tett på naturen snirklar toget seg fram gjennom landskapet. Når ein er framme, er vi i sentrum av reisemålet.
Ein slepp lange køar og tryggleiksjekk slik det er på flyplassar. Reise med tog i Europa er triveleg også for godt vaksne menneske.
I foredraget blir du tatt med på ei slik reise. Gjennom ord og bilete vil du få kjennskap til nye stader, fortalt på ein levande måte.
Historie og kulturhistorie vert fletta inn, samt omtale av mellom anna jordskjelvaktiviteten i Middelhavsområdet, og kva ein kan forventa i framtida. Interrail – ein fantastisk moglegheit i alle fasar av livet.