Evig kjærleik. Den evolusjonære historia.
Kvifor elskar me? Kva skjer når me opplever den store romantiske kjærleiken? Kvifor er menneske så ofte monogame? Korleis kan homofili forklarast evolusjonsbiologisk? Onsdag 14.februar frå 18:00 til 20:00 inviterer me til foredrag på Åtgaum for å prata om desse spørsmåla.

I dette foredraget forklarer Vibeke Riiser-Larsen og Erik Tunstad kva kjærleik er, korleis denne drivkrafta har utvikla seg og kvifor ho har vore nyttig for oss reint evolusjonært. Det er også eit foredrag om korleis kjærleiken artar seg, både hos dyr og menneske.
Vibeke Riiser-Larsen er forfattar og forskingsskribent. Ho publiserte i 2023 boka "Evig kjærlighet - Den evolusjonære historien", i samarbeid med Erik Tunstad. Ho har elles gitt ut ein roman i tillegg til fire bøker i sakprosasjangeren.
Erik Tunstad er biolog, forskingsjournalist og forfattar. Han publiserte i 2023 boka "Evig kjærlighet", saman med Vibeke Riiser-Larsen. Han har elles gitt ut fleire bøker, særleg om naturvitskaplege emne.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Uavhengig av om du er medlem hos Human-etisk Forbund eller ikkje.
Arrangementet blir arrangert av Aktivitetsutvalget i Human-etisk Forbund Hordaland. Ta kontakt med leiaren av utvalet, Christian Lomsdalen, om du har nokre spørsmål. christian.lomsdalen@human.no