Fjordtreff og Pride-helg i Sogndal
Har du lyst på ein sosial, kjekk og fargerik helg i Sogndal? HEF Sogn og Fjordane inviterer medlemmar i Indre Sogn til ei uformell og triveleg helg 28.–29. august.
Dette er ein open invitasjon til deg som er medlem, men som kanskje ikkje har vore så aktiv før, eller som berre er nysgjerrig på kven vi er. Målet med helga er rett og slett å møtast, bli betre kjende og ha det hyggelig i lag.
Du treng ikkje å kunne noko om organisasjonen frå før, og det å delta forpliktar deg ikkje til noko som helst framover – terskelen er heilt låg! Samlinga skjer same helg som SognaPride, så vi tek del i folkefesten og fargar helga saman.
Ramma for helga ser førebels slik ut:
Fredag 28. august – Båttur og god prat på fjorden
Kl. 17.00: Vi møtest på Quality Hotel Sogndal for ein enkel matbit og ein uformell velkomst.
Kl. 18.00: Vi går om bord i båten og kastar loss. Det blir ein fire timars roleg båttur på fjorden (tur-retur Fimreite) med sidersmaking og god mat. Her blir det god tid til å slappe av, prate og lufte tankar om kva vi kan finne på av kjekke aktivitetar i HEF framover.
Ca. kl. 22.00: Tilbake i Sogndal.
Laurdag 29. august – Pride-frukost og parade 🏳️🌈
Kl. 10.00: Vi startar dagen med felles Pride-frukost. Etterpå tek vi ein prat i lag om seremoniane våre og korleis vi kan samarbeide godt i fylket framover.
SognaPride: Vi går samla i Pride-paraden under HEF-banneret for å vise att lokalt.
Etter paraden samlast vi for ein matbit og ein uformell avrunding, før vi reiser heimover.
Praktisk informasjon og påmelding:
Kven kan bli med? Alle medlemmer i HEF over 18 år. Du treng ikkje å ha noko verv, og du må gjerne ta med deg ein ven eller familiemedlem om du vil.
Du vel sjølv i påmeldingsskjemaet om du vil bli med på alt, eller berre delar av programmet. Vi har 30 plassar totalt på samlinga, og fyller opp etter kvart som påmeldingane kjem inn.
Gratis for deg: HEF dekkjer reise, båttur, mat og overnatting på hotellet for dei som får plass.
Påmelding via eige skjema, sjå under. Påmeldingsfrist: 3. august.
Noko du lure på? Kontakt Kenth-Rune Teigen Måren, epost kenth.rune.teigen.maren@gmail.com, mobil 415 30 971
Håpar du har lyst til å bli med oss på ei super helg i Sogndal!
Vennleg helsing HEF Indre Sogn og HEF Sogn og Fjordane