Hopp til hovedinnhold

09.02

Gift dere på valentinsdagen! Velg blant 20 unike og ulike steder i Norge - Bestill vielse 14. februar her

Velkommen til medlemsmøte i HEF Nordfjord

Humanistisk pizza og prat

Operahuset Nordfjord
Sjøgata 18 Nordfjord

Kva betyr humanisme i kvardagen vår – her vi bur? 
Korleis kan vi skape meir fellesskap, engasjement og rom for gode samtalar lokalt? 

Human-Etisk Forbund Nordfjord inviterer til ein uformell og triveleg kveld med pizza, prat og påfyll. Dette er eit medlemsmøte for deg som er nysgjerrig, engasjert – eller berre har lyst til å møte andre som bryr seg om menneskeverd, fellesskap og lokaldemokrati. 

Kvelden byr mellom anna på: 

  • Velkomst og kort status 
  • Samtale om humanisme, lokaldemokrati og fellesskap 
  • Tankar om aktivitetar og vegen vidare lokalt 
  • Open samtale og innspel frå deltakarane 
  • Val av delegat til regionårsmøte 

Du treng ikkje førebu noko – det viktigaste er at du kjem slik du er. Ta gjerne med ein ven som er nysgjerrig på humanistisk arbeid. 

Ingen påmelding – berre møt opp. 
Pizza og drikke blir servert. 

Velkomen – vi håpar å sjå deg!