Humanistisk pizza og prat!
Kva betyr humanisme i kvardagen vår – her vi bur?
Korleis kan vi skape meir fellesskap, engasjement og rom for gode samtalar lokalt?
Human-Etisk Forbund Førde og omegn inviterer til ein uformell og inspirerande kveld med pizza, prat og påfyll. Dette er eit møte for deg som er nysgjerrig, engasjert – eller berre har lyst til å møte andre som bryr seg om menneskeverd, fellesskap og lokaldemokrati.
Kvelden byr mellom anna på:
- Velkomst og kort status for arbeidet lokalt
- Ein kort og uformell del med val av delegatar til regionårsmøtet
- Seremoniverksemd lokalt – status og behov
- Tankar og ønskje for aktivitetar framover
- Open samtale og innspel frå medlemmene
Du treng ikkje førebu noko – det viktigaste er at du kjem slik du er. Ta gjerne med ein venn – alle er velkomne.
Ingen påmelding – berre møt opp.
Pizza og drikke blir servert.
Kontakt: Marit Varpe Kaasen, marit.varpe.kaasen@gmail.com
Velkomen – vi håpar å sjå deg!