Hopp til hovedinnhold

22.03

Førde

Humanistkonferansen 2025 – Det inkluderande demokratiet i Noreg

Kor inkluderande er demokratiet vårt? Kven får vere med og kven fell utanfor?

På årets Humanistkonferanse utforskar vi lokaldemokrati, ungdomsmedverknad og ytringsfridom i ei digital tid.

Scandic Sunnfjord Hotell
Storehagen 2 , 6800 Førde

Gjennom inspirerande føredrag, engasjerande diskusjonar og praktiske workshops vil vi gå i djupna på utfordringar og moglegheiter for demokratiet vårt.

Dette er ein konferanse for deg som vil forstå meir, delta i samtalen og knyte kontaktar med andre samfunnsengasjerte deltakarar.

Frist for påmelding 14. mars. Meld deg på i dag!

Program for dagen:

11.00 – Registrering og velkomstkaffi

11.30 – Lunsj

12.15 – Kulturinnslag

12.25 – Offisiell opning ved regionstyret (Kenth Rune Teigen Måren)

12.30 – «Demokrati for alle?» - Marit Erdal (Norec, Norsk senter for utvekslingssamarbeid)

13.05 – «Unge stemmer – korleis engasjere neste generasjon?» med Ragnhild Vassbotn (generalsekretær i Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjoner) og Maja Solerød (leiar i Humanistisk Ungdom)

13.50 – Pause

14.00 – «Mykje står på spel, men du kan gjere ein forskjell!» - Torbjørn Vereide (stortingsrepresentant, Ap)

14.30 – Panelsamtale med alle innleiarane

15.15 – Oppsummering og spørsmål frå salen

15.30 – Workshops (tre parallelle sesjonar):

✔ 1: Politisk deltaking for minoritetar

✔ 2: Ytringsfridom og demokrati i ei digital tid

✔ 3: Korleis skape inkluderande møteplassar?

16.15 – Oppsummering og vegen vidare, ved regionstyret

19.00 – Middag for dei som ønskjer

Beste helsing, 
Sogn og Fjordane regionlag, Human-Etisk Forbund