Hopp til hovedinnhold

23.08

Hvilken plass har kyrkja i skulen i det livssynsopne samfunnet?

Vi har alle eit ansvar for å utvikle vår/barnas evne til å gjere rimelege val, samt at skulen skal legge til rette for det livssynsopne samfunnet.

Sogndal Kulturhus
Hovevegen 2 , 6856 Sogndal

Vi har alle eit ansvar for å utvikle vår/barnas evne til å gjere rimelege val, samt at skulen skal legge til rette for det livssynsopne samfunnet.

Læreplan i kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) seier mellom anna «Gjennom kunnskap om ulike religioner og livssyn skal elevene utvikle evne til å leve i og med mangfold i samfunns- og arbeidslivet. KRLE skal gi øvelse i etisk refleksjon og bidra til å utvikle elevenes dømmekraft i hverdagen og i møte med samfunnsutfordringer».

Står K-en i KRLE-faget i vegen for at barna skal stå betre rusta den dagen dei må ta avgjerande sjølvstendige val?

I læreplanen står det at «Om lag halvparten av undervisningstiden i faget skal brukes på kristendomskunnskap».
Er det mogleg å få ein likeverdig og reflektert undervisning når eitt *livssyn har ei så markant overvekt?

Til å innleie om dette har vi invitert styreleiar i Human-Etisk Forbund Christian Lomsdalen til eit ope møte tysdag 23.8. Møtet er i Blaoboxen i Sogndal kulturhus kl. 19.30. Det blir servert sider frå Sogn og kaffi. 

Alle i Sogn med interesse for livssynsspørsmål – og/eller skule – er sjølvsagt velkomne. Lat oss snakke om dette i lag.