Hopp til hovedinnhold

12.08

Filosofikafé

KI: Verktøy, trussel eller berre tidsfordriv?

Frå overvåkningssamfunn til digital bedøving. Ein samtale om KI, framtida og dei store spørsmåla.

Lions lokaler
Oldeidegården, 4. etg. Jørpeland

Filosofikafe er ein uformell og sosial møteplass der me tek opp ulike spennande og interessante tema. Ingen filosofisk bakgrunn er nødvendig. Dei som kjem er i alle aldrar, og har ulik erfaringsbakgrunn.

Vi startar med innledning ved Arild Vervik, og opnar deretter for refleksjonar rundt borda.

Eit filosofisk spørsmål har ikkje nokon fasit, så her har alle noko å bidra med i diskusjonen.

Kom og bli kjent med spennande nye tankar og menneske i ein ufarleg setting der alle skal vera komfortable. Kor mykje du deltek, bestemmer du heilt sjølv. Det er heilt i orden å berre lytta òg.

Arrangementet er gratis og ope for alle, og det blir enkel servering.

Spørsmål? Kontakt Jane M. l. Moe på tlf. 913 40 967.

Hjarteleg velkommen!