Hopp til hovedinnhold

06.11

Undring i felleskap

Ny dato! Kjærlighetskafé på Strilabiblioteket

Me møtest til ein open og utforskande samtale om plassen til kjærleiken i livet. Korleis påverkar tankane om kjærleiken livet vårt? Treng me å reflektera over kjærleiken? Kan fornufta og kjenslene møtest?

Kva er ein kjærleikskafé? Ein kjærleikskafé er ein stad der menneske på tvers av forskjellar møtest for ein open og undersøkjande samtale om kjærleiken som ein del av livet.

Samtalen blir leidd av filosofisk praktikar Emil Perron, dagleg leiar i Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn Bergen.

Bibliotek Knarvik
Kvernhushaugane 2 , 5914 Isdalstø

Arrangementet er gratis og ope for alle. Uavhengig av om du er medlem hos Human-etisk Forbund eller ikkje. Me byr på kaffi og noko å tyggja på.

Arrangementet blir arrangert av Aktivitetsutvalget i Human-etisk Forbund Hordaland. Ta kontakt med leiaren av utvalet, Christian Lomsdalen, om du har nokre spørsmål. christian.lomsdalen@human.no.