Kritisk tenkning: Ein enkel guide til å bruke hovudet godt
Har du høyrt om han som røykte 40 sigarettar om dagen og levde til han var 100? Eller vurdert ein detox-kur fordi du kjenner deg litt slapp? Kanskje har du vorte engsteleg for 5G-stråling?
Det vil alltid finnast menneske som ønskjer å lura deg, anten det er for å tena pengar eller av andre grunnar. Men me er også flinke til å lura oss sjølv. Kjenne du dei viktigaste retoriske grepa blir det også lettare å avsløra falske nyheiter og oppdaga konspirasjonsteoretisk tankegods.
Denne kvelden gir Erik Tunstad oss ei innføring i kva kritisk tenking er, og korleis du lett kan ta grep og forstå korleis ein blir ein god kritisk tenkjar.
Erik Tunstad (f. 1954) er utdanna biolog og har vore fagredaktør i forskning.no, programleiar i Verdt å vita på NRK P2, undervist ved Høyskolen i Vestfold, og har skrive fleire bøker, mellom anna Darwins teori (2009) og Juks (2011), Evolusjon (2015) og Neandertal
Arrangementet er ope for alle. Hjarteleg velkommen til ein spennande kveld!