Kva betyr humanisme i kvardagen vår – her vi bur?
Korleis kan vi skape meir fellesskap, engasjement og rom for gode samtalar lokalt?
HEF Flora/Bremanger inviterer til eit uformelt medlemsmøte der vi samlast for samtale, refleksjon og fellesskap. Dette er eit lågterskel og uformelt møte med litt informasjon om Human-Etisk Forbund og arbeidet vårt – både lokalt og nasjonalt.
Kvelden passar både for deg som har vore medlem lenge, og for deg som er ny, nysgjerrig – eller berre har lyst til å møte andre som bryr seg om menneskeverd, fellesskap og lokaldemokrati.
Møtet blir først gjennomført som eit medlemsmøte, før vi samlast til felles middag for dei som ønskjer det, ca kl 18:00
Av omsyn til bestilling av mat ber vi om påmelding innan 16. februar 2026. Bruk knappen til påmelding.
Ta gjerne med ein ven som er nysgjerrig på humanistisk arbeid – alle er velkomne.
Kontaktinfo: Anne Marie, e-post: annemarie.hartvigsen@gmail.com
Velkomen – vi håpar å sjå deg!