Medlemsårsmøte og samtale i Setesdal lokallag
Program:
Er Setesdalsamfunnet solid nok, og tåler setesdølane ein støyt? Korleis vil dalen kunne klare seg framover, i høve til ytre trusler som totalitære ideologier og autoritære krefter.
Kva er erfaringane og vurderingane til lokale bladfykar?
Velkommen til samtale mellom Sigurd Haugsgjerd, mangeårig redaktør i Setesdølen og Geir Daasvatn, drivar av "Setesdalssida" på Facebook, leia av Olav Grendstad.
Medlemsårsmøte for HEF Setesdal
Møtet er opent for alle medlemmer.
Du vil få høyra om aktivitetane me har hatt i året som gjekk. Har du lyst til å bidra i lokallaget og skapa aktivitetar i nærmiljøet? Møt opp og delta i diskusjonen.
I tillegg skal det veljast delegatar til årsmøtet i Agder regionlag 21. mars. Alle medlemmer av Human-Etisk Forbund i Setesdal kan stilla som delegat og har stemmerett.
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med Kristoffer Stokkeland, kontaktperson frå regionlagstyret, e-post: kstokkeland@hef.no
Hjartelig velkommen!