Velkommen til sommarfest, omvisning og overnatting med HEF Søre Sunnmøre!
I år slår vi til med ein sommerfest for våre medlemmer der vi kan tilby billig overnatting i kvart sitt rom (200-300,- kr) på ei av hyttene til Bjarne Kvalsvik på Nærlandsøya.
Program:
Planen er å møtast i 18-tida i Kvalsvik, i ein gapahuk der vi stiller med gratis grillmat. Vi tar kvar med den drikka vi ønsker å nyte.
Ca kl. 19.30 tar Bjarne med oss på omvisning i Olafløda.
Etter det blir det samling i gapahuken, eller i kveldssola, for hyggelig lag vidare utover kvelden.
Bjarne Kvalsvik skal visst vere ein ektstrovært person, med maaaaannge gøye og livlige historier, sjølv om han er mest kjent for å ha ein måke på hovudet.
Høres dette kjekt ut? Bli med da!
Påmelding:
Vi treng påmelding før 15. mai om ein skal overnatte.
Send ein e-post til svein.heltne@gmail.com om du vil vere med. Og ta gjerne med ein venn eller kjæreste!