Hopp til hovedinnhold

06.05

Søstre. Historia mi etter 22.juli

Søstrene Cathrine (17) og Elisabeth (16) reiste saman til Utøya sommarleir i 2011. Berre ein av dei kom heim igjen. Måndag 6.mai, klokka 18:00 til 20:00 på Voss bibliotek skal me få høyra den sterke historia.

Evangervegen 6
5704 Vossevangen

Etter terrorangrepet 22. juli låg Cathrine hardt skadd på sjukehuset då ho fekk vita at søstera Elisabeth var ein av dei drepne. I dag held Cathrine foredrag om korleis ho hadde det før, under og etter opplevinga frå Utøya.

Cathrine Trønnes Lie var i 2011 på Utøyas sommarleir, der ho opplevde det mest utenkjelege. Ikkje berre vart ho skoten og kritisk skadd sjølv, ho mista også dei 14 månadene sin yngre søster Elisabeth. I over 10 år har ho jobba med seg sjølv for å komma dit ho er i dag.

Cathrines nettside: https://www.cathrinetronneslie.no/

Arrangementet er gratis og ope for alle. Uavhengig av om du er medlem hos Human-Etisk Forbund eller ikkje.

Arrangementet blir arrangert av Aktivitetsutvalget i Human-Etisk Forbund Hordaland. Ta kontakt med leiaren av utvalet, Christian Lomsdalen, om du har nokre spørsmål. christian.lomsdalen@human.no.