Søstre. Historia mi etter 22.juli
Søstrene Cathrine (17) og Elisabeth (16) reiste saman til Utøya sommarleir i 2011. Berre ein av dei kom heim igjen. Onsdag 6.mai, klokka 18:00 til 20:00 på Knarvik bibliotek skal me få høyra den sterke historia.
Etter terrorangrepet 22. juli låg Cathrine hardt skadd på sjukehuset då ho fekk vita at søstera Elisabeth var ein av dei drepne. I dag held Cathrine foredrag om korleis ho hadde det før, under og etter opplevinga frå Utøya.
Cathrine Trønnes Lie var i 2011 på Utøyas sommarleir, der ho opplevde det mest utenkjelege. Ikkje berre vart ho skoten og kritisk skadd sjølv, ho mista også dei 14 månadene sin yngre søster Elisabeth. I over 10 år har ho jobba med seg sjølv for å komma dit ho er i dag.
Cathrines nettside: https://www.cathrinetronneslie.no/
Arrangementet er gratis og ope for alle. Uavhengig av om du er medlem hos Human-Etisk Forbund eller ikkje.
Arrangementet blir arrangert av Aktivitetsutvalget i Human-Etisk Forbund Hordaland. Ta kontakt med leiaren av utvalet, Christian Lomsdalen, om du har nokre spørsmål. christian.lomsdalen@human.no.