Hopp til hovedinnhold

02.05

Spill og etikk med Kristian Bjørkelo: Frostpunk

Leik og spel er moro, men det er òg eit høve til å ta opp og drøfte utfordrande tema og etiske problemstillinger. I leiken får vi eit trygt rom der ein kan utfordre konvensjoner, vere nokon andre, og å tenkje ting nytt, og spela gjev oss rammene og verktøyet for dette.

Formidlar Kristian A. Bjørkelo har ein doktorgrad på grenseoppdraging og grenseoverskriding i leik og spel, og bruker spel til å starte samtaler og tankeprosesser. Og underhalde. Han inviterer til ein serie med kort, brett og rollespel som sett søkjelys på etikk, eksistensialisme og humanisme.

Denne gongen speler me Frostpunk der me tek på oss rolla som leiarar for ein liten koloni av overlevande i ei postapokalyptisk verd som vart ramma av ei alvorleg istid. Jobben vår blir å effektivt administrera både infrastrukturen og innbyggjarane. Kjernespelet vil vera brutalt, utfordrande og komplekst, men lett å læra. Innbyggjarane vil ikkje berre vera mållause brikker på brettet. Samfunnsmedlemmer vil stilla krav og reagera deretter på den noverande stemninga, så alle avgjerder og handlingar får konsekvensar.

Spelarane vil bestemma lagnaden til folket sitt. Vil du behandla dei som ein annan ressurs? Kjem du til å bli ein inspirerande byggmeister, ein uredd oppdagingsreisande eller ein dyktig vitskapsmann? Kjem styret ditt til å bli eit svi av tyranni eller ein epoke med lov og likskap?

Spillkvelden blir gjennomført på Spillhuset Bergen. Det er gratis å vera med, og arrangementet er ope for alle, både medlemmer og ikke-medlemmer.

På grunn av få plassar så er det påmelding, og det vil vera ei venteliste viss det blir for mange påmelde til talet plassar. Dette er for å sikra ein god spillopplevelse. Påmelding: https://forms.office.com/r/zC3XakNQJi

Har du nokre spørsmål om arrangementet kan du ta kontakt med koordinator for Aktivitetsutvalget i Human-Etisk Forbund Hordaland, Christian Lomsdalen, på e-post: christian.lomsdalen@human.no.

Spillhuset Bergen
Veiten 3 , 5012 Bergen