Spill og etikk med Kristian Bjørkelo: This War of Mine
Leik og spel er moro, men det er òg eit høve til å ta opp og drøfte utfordrande tema og etiske problemstillinger. I leiken får vi eit trygt rom der ein kan utfordre konvensjoner, vere nokon andre, og å tenkje ting nytt, og spela gjev oss rammene og verktøyet for dette.
Formidlar Kristian A. Bjørkelo har ein doktorgrad på grenseoppdraging og grenseoverskriding i leik og spel, og bruker spel til å starte samtaler og tankeprosesser. Og underhalde. Han inviterer til ein serie med kort, brett og rollespel som sett søkjelys på etikk, eksistensialisme og humanisme.
Denne gongen speler me This War of Mine der me går inn i denne opplevinga som ei gruppe sivile fanga i ein omleira og konfliktfylt by, som toler mange vanskar som ofte testar vesenet til menneskja.
Målet ditt er å overleva inntil krigsfiendskapane stansar. I løpet av kampen din som dei overlevande vil du oppleva drama knytt til å ta ekstremt vanskelege avgjerder og val (du må møta konsekvensane av handlingane dine før eller sidan i gjennomspillingen). Sjølve overlevinga vil ofte visa seg å ikkje vera nok. Prisen kvar av dykk vil bestemma seg for å betala, kan vera for høg i det endelege resultatet. Så målet er eigentleg å overleva på ein måte som lèt deg leva vidare med avgjerdene du har teke.
Spillkvelden blir gjennomført på Spillhuset Bergen. Det er gratis å vera med, og arrangementet er ope for alle, både medlemmer og ikke-medlemmer.
På grunn av få plassar så er det påmelding, og det vil vera ei venteliste viss det blir for mange påmelde til talet plassar. Dette er for å sikra ein god spillopplevelse. Påmelding: https://forms.office.com/r/zC3XakNQJi
Har du nokre spørsmål om arrangementet kan du ta kontakt med koordinator for Aktivitetsutvalget i Human-Etisk Forbund Hordaland, Christian Lomsdalen, på e-post: christian.lomsdalen@human.no.
