Litteratur-samtale
Tekst og tanke
Treng du eit pusterom fritt for prestasjonar? Har du lyst på litt nye perspektiv og møte andre menneske på ein litt annleis måte?
Vi les ei novelle og eit dikt som vi snakkar om. Du kan velje å berre lytte eller delta med dine tankar og perspektiv. Her trengst ingen førebuingar, og alle er velkomne akkurat slik ein er – både om du har lese mykje eller lite. Det er gratis og ope for alle, og ingen påmelding!
Dei som deltek samlast i mindre grupper og vi byr på nysteikte vaflar, fargerikt fruktfat, kaffe og saft.
Ingen påmelding – kom som du er!
Velkomen!