Hopp til hovedinnhold

12.06

Verda den vide- Festspela 2026

Tyskland - Noregs nye besteven?

Aasentunet
Indrehovdevegen 176 , 6160 Hovdebygda

I dette føredraget gjer Astrid Sverresdotter Dypvik deg betre kjend med Europas største land, og fortel om korleis det som skjer i Tyskland, påverkar Noreg og resten av Europa. Tyskland er Noregs viktigaste handelspartnar og ein nær politisk alliert.

Astrid Sverresdotter Dypvik er journalist og historikar med spesiell interesse for Tyskland og jobbar no som rådgivar i Tankesmien Agenda. Dypvik debuterte som sakprosaforfattar med boka «Det var DDR» og gav seinare ut boka «Den kortaste historia om Tyskland – frå år 9 til no». Ho har tidlegare vore redaktør for tidsskriftet Syn og Segn og journalist i Nationen, Dag og Tid og Morgenbladet. Ho har også vore debattredaktør i Klassekampen.

Svein Robert Heltne frå Human-Etisk Forbund er innleiar.

Gratisbillettar

Human-Etisk Forbund har 10 gratisbillettar. Ta kontakt med svein.heltne@gmail.com innen 4. juni for å sikre deg ein gratisbillett. Ved stor pågang blir det loddtrekning.

Arr.: HEF Søre Sunnmøre i samarbeid med Festspela i Aasentunet