Bli seremoni­ansvarleg for namnefest på Voss
Vil du lage vakre og minneverdige seremoniar for å feire nye verdsborgarar?
Namnefest er ei av dei store markeringane i livet. Det er ei vakker og glad feiring av at nye barn er komen til verda. Vi feirar at barnet kjem inn i ein familie og samfunnet, og har fått sitt eiga namn.
No kan du vere med på å skape store opplevingar på Voss!
# Dette betyr det å vere seremoniansvarleg
Ein seremoniansvarleg planlegg og gjennomfører namnefestseremoniar og har ansvar for at seremoniane blir høgtidelege, verdige og vakre, med ei glad og optimistisk stemning. Du får god opplæring og oppfølging til både planlegging og gjennomføring. Vervet er honorert.
# Alle kan få det til
Det krevst ingen særlege forkunnskapar. Alle kan vere gode seremoniansvarlege, uavhengig av utdanning og yrke. Vi treng menneske med ulik bakgrunn. Du må vere komfortabel med å stå på scena og ønske velkomen. Du må vere medlem i Human-Etisk Forbund og ha lyst og ønske om å skape gode opplevingar for andre.
Du får opplæring og dei verktøya du treng. Vi gjer deg tett oppfølging, tips og råd til korleis du kan sette saman seremonien, og kva du treng til gjennomføringa.
Du kan bli medlem gratis her!
# Gode grunnar til å bli seremoniansvarleg
- Du får verdifull erfaring
- Du får utvikle og utfordre deg sjølv
- Du får eit nettverk med andre seremoniansvarlege, og tilbod om ei fagleg og sosial samling med overnatting ei helg i året
- Du får lage og vere til stades ved ei av dei store markeringane i livet
- Du får gjere noko bra for lokalsamfunnet
- Du får honorar
# Lurer du på noko?
Dersom du har spørsmål, kan du sende ein e-post til sunniva.storeboe@human.no