Hopp til hovedinnhold

Student­humanisten i Volda

Er du student i Volda og treng nokon å snakke med?

Du er hjarteleg velkommen til kontakte den dyktige studenthumanisten vår, Lone.

# Kven er Lone?

Lone Ellingvåg Knutsen er den fyrste norske studenthumanisten vår. Ho har vore i Volda sidan 2019 og er ein del av velferdstilbodet ved Høgskulen i Volda.

# Kva er ein studenthumanist?

Å vere student er både spanande og gøy, men mange kjenner også på følelsar knytt til:

Ein studenthumanist er eit medmenneske og ein samtalepartner som er til for deg som er student, når du treng nokon å snakke med.

Kanskje du har opplevd noko vanskeleg og treng ein du kan dele tankane og følelsane dine med? Eller kanskje du berre treng å lufte tankane litt?

Uansett kva det gjeld, kan alle studentar ved Volda kome til Lone dersom dei har behov for det. Tilbodet er gratis og samtalen blir mellom Lone og deg.

# Korleis kan eg kome i kontakt med Lone?

Du kan bestille ein time digitalt:

Du kan også ta kontakt med Lone der ho held til på Høgskulen i Volda, i rom BK 142, i 1. etasje i Berte Kanutte-Huset.