Hopp til hovedinnhold

Møt ein seremonileiar

Møt Benedikte – ein av over 150 seremonileiarar for humanistisk bryllaup.

# Kva gjer ein humanistisk seremonileiar?

Benedikte Nyborg Mæland har sett meir kjærleik enn dei fleste. Som seremonileiar i Human-Etisk Forbund har ho via mange par – og med det fått eit unikt innblikk i ulike kjærleiksforhold.

Livet består av menneskemøter. For Benedikte er menneskemøta den aller viktigaste motivasjonsfaktoren for å vere seremonileiar.

– Noko av det finaste med å vere seremonileiar er at eg for mogelegheita til å vere ein del av lykka til eit par og få eit innblikk i kjærleikslivet deira.

– Eg har så mange nydelege historier. Eg elskar å studere para. Studere korleis dei ser på kvarandre, korleis blikka deira møtes og korleis dei visar kjærleiken sin til kvarandre.

# Kva er viktig for ein humanistisk seremonileiar?

Det bærande elementet i eit humanistisk bryllaup er den personlege talen seremonileiaren held til paret. Dei innleiande samtalane paret har saman med seremonileiaren, legg grunnlaget for talen.

Benedikte bruker mykje tid i den første samtalen på å skape god kontakt mellom seg og paret:

– Ved å stille gode spørsmål og lytte aktivt kjem eg tett på paret, og får eit unikt innsyn i kjærleikslivet deira.

Talen handlar om paret si kjærleiksreise, med alt det ber med seg av medgang og motgang, ulikskapar og likskapar. Kort sagt alt eit kjærleiksforhold rommar.

Eg spør gjerne om paret har nokre diktarar, songar eller filosofar dei liker om, slik at eg kan putte inn eit ord eller eit sitat som har spesiell verdi for dei.

Kunne du tenkt deg å bli seremonileiar? Les meir her!

Benedikte held tale til brureparet – omgitt av vakker natur. Foto: Marvin Emil

# Førebuing før bryllaupet

For Benedikte er det viktig å førebu paret på kva seremonien går ut på. Ein køyreplan blir laga, og Benedikte blir som ein slags prosjektleiar for seremonien.

– Eg kan ikkje få sagt kor viktig det er å ta inn alle dei små augneblinka. Å verkeleg kjenne på dagen. Det går så innmari fort at du nesten ikkje rekk å tenkje.

Informasjonskatalog