Hopp til hovedinnhold

Konfirmasjon i Kvinnherad

Her finn du informasjon om konfirmasjon i Kvinnherad i 2024.

Kveldskurs

  • Kurset tek til i veke 3.

  • Det finst fleire alternativ.

    Nokre av kursa er på tirsdagar, medan andre er på onsdagar.

  • Kurskveldane varer om lag 2 timar per kveld og går annakvar veke fram til seremoni.

    Det er ikkje kurs i vinter- og påskeferievekene.

  • Kurset går føre seg på Kvinnherad bibliotek.

    Delar av kurset vert arrangert som ein overnattingstur til Bergen saman med konfirmantar frå Kvam og Odda.

  • For å gi ungdomen viktige verktøy for å klare seg i vaksenlivet, fyller vi konfirmasjonskurset med samtaler og øvingar som skal bidra til å gjere ungdomane trygge og reflekterte.

    På kurs jobbar vi for å gjere det enklare for din ungdom å:

    • stille spørsmål og tørre å tenkje annleis

    • bli betre kjend med eigne verdiar og grenser

    • møte andre med toleranse og respekt

Leirkurs i Hardanger

  • Leir er eit flott kursalternativ for konfirmantar som ønskjer eit intensivt kurs med ekstra fokus på det sosiale, med fleire varierte fritidsaktivitetar.

  • Leirkurset finn stad i vinterferien på Jondal leirskule.

    De kan velje mellom eit kurs som går frå søndag 25. februar til onsdag 28. februar, eller eit kurs som går frå torsdag 29. februar til søndag 3. mars.

  • Leirkurs vil vere eit alternativ når påmeldinga opnar 30. mai for medlemer og 5. juni for alle andre.

    For å sikre din konfirmant plass, anbefaler vi å melde seg på så fort som mogleg etter at påmeldinga opnar. Plassane forsvinn fort.

Seremonien

  • Seremonien finn stad laurdag 4. mai kl 13.

  • Seremonien går føre seg i Husnes kulturhus.

  • Seremonien varer i om lag ein time.

  • Tal på gjesteplassar vert delt likt på talet på konfirmantar på seremonien.

    De vil få meir detaljert informasjon om gjesteplassar i god tid før seremonien.

Vil du fortsette med eller endre din påmelding?

Informasjonskatalog