Hopp til hovedinnhold

Konfirmasjon i Indre Sogn

Her finn du informasjon om konfirmasjon i Indre Sogn i 2024.

Påmelding og praktisk info

  • Ordinær påmelding opnar 5. juni 2023. Som medlem kan du melde deg på nesten ei veke tidlegare, altså 30. mai.

    Dersom du eller ditt barn ønskjer eit spesifikt kurs eller seremonidag, anbefaler vi å melde seg på så fort som mogleg etter at påmeldinga opnar. Plassane forsvinn fort.

  • Humanistisk konfirmasjon er samansett av to delar:

    • Eit kurs som medverkar til at din ungdom får utforske kven dei er og kva dei står for saman med andre ungdomar.

    • Ein seremoni som markerer starten på overgangen frå barn til vaksen. Ei høgtideleg feiring av din ungdom.

    Les meir om humanistisk konfirmasjon.

  • Tidlegare påmelding

    Er du medlem hos oss, kan du melde barnet ditt på konfirmasjon ei veke tidlegare enn andre.

    • Medlemspåmelding: 30. mai

    • Ordinær påmelding: 5. juni

    Rabatt

    For kvar av barnet sine føresette som er medlem/melder seg inn hos oss, gir vi 1000,- i rabatt.

    Det vil seie at ein kan få opptil 2000,- i rabatt på konfirmasjon viss to føresette er medlem innan fakturaen vert sendt ut 1. oktober.

    Ditt medlemskap tel!

    Det er mellom anna takka vere våre 130.000 medlemer at vi kan halde fram med å tilby eit breitt og godt konfirmasjonstilbod til heile landet.

    Som medlem betalar du ikkje noko, men du sørger for at vi får statsstøtte for ditt medlemskap. Denne støtta går direkte til arbeidet vårt.

Kveldskurs

  • Første kurskveld er onsdag 24. januar kl 17:30.

  • Kurset vil gå om onsdagane.

  • Kurskveldane varer om lag 3 timar kvar kveld.

    Totalt er det 20 timar kursinnhald, om lag 7 ettermiddagar til saman.

  • Kurset vert halde på Trudvang.

  • For å gi ungdomen viktige verktøy for å klare seg i vaksenlivet, fyller vi konfirmasjonskurset med samtaler og øvingar som skal vere med på å gjere ungdomane trygge og meir reflekterte.

    På kurs jobbar vi for å gjere det enklare for din ungdom å:

    • stille spørsmål og tørre å tenkje annleis

    • bli betre kjend med eigne verdiar og grenser

    • møte andre med toleranse og respekt

Leirkurs

  • Leir er eit flott kursalternativ for konfirmantar som ønskjer eit intensivt kurs med ekstra fokus på det sosiale, med fleire varierte fritidsaktivitetar. Kurset inneheld 20 faglege timar, men har har òg mykje sosialt.

    Leirkurset på UWC-leiren er ope for konfirmantar frå heile Sogn og Fjordane.

  • Leirkurset går føre seg i vinterferien på UWC-leiren på Flekke.

    Kurset går over fire dagar med tre overnattingar.

  • Leirkurs vil vere eit alternativ når påmeldinga opnar 30. mai for medlemer og 5. juni for alle andre.

    For å sikre din konfirmant plass, anbefaler vi å melde seg på så fort som mogleg etter at påmeldinga opnar. Plassane forsvinn fort.

Seremonien

  • Det vil vere to seremoniar 11. mai, klokka 11 og 13.

    Kva seremonitidspunkt de får er avhengig av kva kveldskurs de vel.

    Vel de leirkurs, vil de fordelast på ein av dei to seremoniane.

  • Seremonien finn stad i Sogndal kulturhus.

  • Seremonien varer i om lag ein time.

  • Talet på gjesteplassar vert delt likt på talet på konfirmantar på seremonien.

    De vil få meir detaljert informasjon om gjesteplassar i god tid før seremonien.

Vil du fortsette med eller endre din påmelding?

Informasjonskatalog