Hopp til hovedinnhold
Hopp til hovedinnhold

Leirkurs i Sogn og Fjordane

Leir er eit flott kursalternativ for konfirmantar som ønskjer eit intensivt kurs med ekstra fokus på det sosiale, med fleire varierte fritidsaktivitetar.

I Sogn og Fjordane har vi tilbod om leirkurs for alle konfirmantar i heile regionen på UWC-leiren i Flekke (Fjaler kommune).

På leirstaden til United World College har dei mellom anna utekjøkken med pizzaomn, symjebasseng og fint turterreng.

Ein typisk leirdag vil sjå slik ut:

Når går kurset føre seg?

Kurset vert halde i vinterferien, og går over fire dagar med tre overnattingar. Ein kan velje om ein vil delta frå søndag 18. februar til onsdag 21. februar eller frå torsdag 22. februar til søndag 25. februar. 

Praktisk info om kurset

Leirkurset har like mange kurstimar som kveldskursa – 20 timar totalt. Men det vil i tillegg verte brukt mykje tid på sosiale aktivitetar. 

Konfirmantane vert delt i kursgrupper på leiren med om lag 10 konfirmantar i kvar gruppe. Kvar gruppe vil ha ein fast kursleiar.

Romfordeling vert gjort etter kjønn og kursgruppe. Det er som regel sengeplassar for 2-6 konfirmantar på kvart rom.

Våre frivillige vil sørgje for at leiren er ein trygg og god stad å vere for alle konfirmantar. Alle våre frivillige har vist gyldig politiattest.

Seremoni

I påmeldingsskjemaet kan de skrive i kommentarfeltet kor de ønskjer seremoni. Vi har seremoniar i:

Pris

Leirkurset har ein ekstrakostnad på 2000 kroner i tillegg til kursavgifta (3800,-), noko som dekkjer kost og losji for konfirmanten.

For kvar konfirmantføresett som er medlem/melder seg inn hos oss før faktura vert sendt ut, gir vi 1000 kroner i rabatt.

Transport til og frå leiren vert ikkje dekt.