Hopp til hovedinnhold

United World Collage i Flekke

Sjekk ut korleis det er på leirkurs på United World Collage i Flekke, omgitt av fjord og fjell i Sunnfjord.

Fasilitetar:
Utekjøkken med pizzaomn, symjebasseng, turterrreng og meir.
Påmeldingsstart for 2026:
Påmeldinga opnar 02. juni 2025 for medlem og 10. juni 2025 for alle andre.
Seremoni og kurs høyrer saman. Kva kurs og kursstad du vel styrar også kva seremonidato du får tildelt.

Når er kurset?

  • Leirkurs i vinterferien

    4 heile dagar med overnatting

    Kursdagar:

    16. - 19. februar

    Kursstad:

    UWC Red Cross Nordic

    Blir tilbydd i:

    Bremanger, Florø, Førde, Nordfjord, Sogndal, Årdal

    Medlemspris frå

    6 300,–

    Ordinær pris frå

    8 300,–

# Kva skjer på leirkurs?

På leirkurs går kursøktene over tre-fire dagar med overnatting. Det blir med andre ord eit meir intensivt kurs, med mykje tid til andre sosiale og morosame aktivitetar.

# Ein typisk leirdag

Leirdagane startar ofte med frukost før første økt med kursopplegg. Det er ulike tema for kursøktene kvar dag. Etter ei økt blir det lunsj før kursopplegget held fram. Etter dette fortset dagen med organiserte aktivitetar som rebusløp, spill og turneringar før middag. Aktivitetane held ofte fram etter middag, til kvelden er over. Siste kvelden har vi ein avslutningsfeiring.

# Kven passar leirkurs for?

Leirkurs passar perfekt for deg som ønskjer ei litt meir intensiv konfirmasjonsoppleving, med mykje sosialt og mange aktivitetar.

Konfirmantar som deltar leir seier det er sosialt, lærerikt og veldig gøy. Mange får nye vener og gjer seg nye erfaringar, for eksempel med aktivitetar dei ikkje har prøvd før.

# Populær kurstype

Konfirmantar som har vore på leir er nokre av dei mest nøgde konfirmantane vi har.

Leirkursa er veldig populære, og blir ofte fylt opp først. Vi anbefalar difor at de er tidleg ute med påmelding dersom de ønskjer leirkurs.

# Trygg tur

Kursleiarane på leir er erfarne og sørgar for at leiren er ein trygg og god stad å vere. På leiren vil det vere ein leirsjef, nestleiar, fleire kursleiarar, aktivitetsleiarar og nattevaktar.

I forkant av leiren deler vi informasjon om pakkeliste, program, transport og allergiar.

Leirsjefane held og også eit informasjonsmøte for føresatte og konfirmantar i forkant av leiren.

Portrettbilde av konfirmant

Bli medlem gratis

  • Få 1000 kroner i rabatt per føresett som er eller blir medlem
  • Bidra til at alle kan velje humanistisk konfirmasjon, uansett kvar dei bur.
Bilde av konfirmant på kurs.

– Eg har lært korleis ein blir eit betre menneske, korleis ein respekterer andre på ein fin måte.

Oskar, konfirmant i 2025


Møt nokre av våre kursleiarar

  • Joakim, kursleiar i Larvik

    – Det beste med å vere kursleiar er å kunne undre seg saman med ungdommar om viktige tema.

  • Elin, kursleiar i Oslo

    – Eg vart heile tida imponert over djupna i argumenta og refleksjonane som dukker opp undervegs på kurset.

  • Anker, kursleiar på Jæren

    – Ungdomane mine konfirmerte seg humanistisk, og vi hadde gode diskusjonar heime! Både eg og kona mi vart kursleiarar for å bidra til det flotte arbeidet!

Frå ein far sitt løfte til valfridom for alle

Historia bak humanistisk konfirmasjon