Hopp til hovedinnhold

Her kan du lese meir om konfirmasjonstilbodet vi har i Sogn og Fjordane


Vi har kurs i Sogndal, Bremanger, Førde, Florø og Nordfjord, og vil òg halde kurs i Høyanger/Sande dersom det er nok påmeldte.

I fjor utvida vi med eige kurs og seremoni i Bremanger, det tilbodet held fram også i 2023. 

Førde lokallag utvidar tilbodet sitt frå berre å ha helgekurs i Førde, til at konfirmantane no kan velje mellom helgekurs eller kveldskurs (ein fast dag i veka frå januar til mai) i Førde, og dersom det er nok konfirmantar vert det òg kveldskurs i Høyanger/Sande. Seremoni vert i Førde, men skulle det ende opp med mange påmeldte i Høyanger/Sande vil dei vurdere eigen seremoni også der.

Utruleg kjekt å sjå at tilbodet veks for konfirmantane i Sogn og Fjordane.

Ordinær påmelding opnar 7. juni 2022. Som medlem kan du melde deg på éi veke tidlegare, altså 30 mai.

Dersom du eller konfirmanten din ønsker eit spesifikt kurs- eller seremonidag, anbefaler vi å melde seg på så fort som mogleg etter påmelding opnar. Påmelding er ope til 1. oktober.