Hopp til hovedinnhold
Namnefestutval

Vil du vere med å skape ei uforgløymeleg stund for andre? 


Juni Trolie

Namnefestutvalet i Nordfjord arrangerer namnefestar  to gonger i året, og vi treng fleire engasjerte frivillige som ønsker å bidra til å skape ei vakker ramme rundt dei humanistiske namnefestane våre.  

Til namnefestutval i Nordfjord, lys vi ut følgande verv: 

  • Økonomiansvarleg 
  • Frivilligansvarleg 
  • Seremonihjelpar 

Desse verva skal saman med seremoniansvarleg i hovudsak stå for organiseringa av seremoniane, i tillegg til å planlegge og delegere oppgåver til andre frivillige. 

Utvalet jobbar saman om seremoniane, og noverande seremoniansvarleg er erfaren og har arrangert mange namnefester i Nordfjord. 

Alle som jobbar med Humanistisk namnefest får delta på seremonikurs som blir arrangert i Oslo, samt tilbod om årlege samlingar regionalt. 

Utvalet vil få tilgang til malar, verktøy og nødvendig opplæring for å kunne utføre vervet sitt. Verva krev derfor ingen særskilde forkunnskapar, berre engasjement og eit ønske om å skape gode opplevingar for andre. 

Mange av oppgåvene tilknytt seremoniane kan med fordel bli planlagt god tid i forvegen. Seremonidato og klokkeslett skal avklarast i god tid, og for heile året. Detaljar for arbeidsoppgåvene vil bli avtalt med dei som tar på seg dei ulike verva. 

Minimum to seremonidagar vil bli satt opp i året. 

Dato for haustens seremoni og neste års seremoniar blir bestemt av utvalet. 

Ønsker du å søke? Fyll ut dette skjemaet, så tar vi kontakt med deg! 

_____________________________________________________________

Beskriving av verv for økonomiansvarleg ved Humanistisk namnefest 

Økonomiansvarleg har ansvar for å sette opp eit budsjett for seremoniane, og for at dette blir følgt. Økonomiansvarleg har òg ansvar for at alle aktørar som deltek i seremoniane får ei avtalestadfesting. 

Vervet er honorert. 

Andre oppgåver: 

  • Lage budsjett saman med utvalet og økonomiansvarleg i regionlaget, samt sørge for at budsjettet blir følgt og justert ved behov 
  • Lage kontraktar etter gjeldande malar saman med aktørar i seremonien 
  • Bestille lokale for seremonien 
  • Bestille blomster til scene og til namnebarna 

Dette vervet passar for deg som er glad i å halde orden på tall og detaljar. 

Beskriving av verv for frivilligansvarleg ved Humanistisk namnefest 

Frivilligansvarleg skal sørge for at det er nok frivillige seremonihjelparar på namnefesten. Frivilligansvarleg skal òg ha kontakten med dei andre frivillige gjennom året. 

Vervet er honorert. 

Andre oppgåver: 

  • Rekruttere frivillige som deltar på sjølve seremonidagane og på nødvendige møter i forkant. 
  • Sørge for at det er nok frivillige til dei oppgåvene som skal gjennomførast 
  • Ha oversikt over kven som treng seremonikurs eller opplæring, samt gi opplæring og støtte til andre frivillige. 

Dette vervet passar for deg som er ein positiv relasjonsbyggar, og som ser moglegheitene i engasjementet til dei frivillige. 

Ønsker du å søke? Fyll ut dette skjemaet, så tar vi kontakt med deg! 

Seremonihjelpar 

Som frivillig hjelper på seremoni har du ingen ansvar for planlegging av seremoniane, men ei viktig rolle for gjennomføringa. 

Vervet er ikkje honorert. 

Oppgåver som frivillig seremonihjelper er blant annet: 

  • Dele ut program 
  • Lede gruppa med føresette og barn inn i salen og evt. opp på scenen 
  • Registrering av namnebarn når dei kjem til seremonilokalet 
  • Sørge for at det er nok reserverte stoler i salen til føresette og namnebarn 
  • Ønskje gjester velkomen  
  • Gje felles informasjon til føresette om seremonien 
  • Gje praktisk informasjon på scena til publikum 

Ønsker du å melde din interesse? Fyll ut dette skjemaet, så tar vi kontakt med deg!