Hopp til hovedinnhold

29.11

Ein samtale om døden

Tysdag 29.11 inviterer Human-etisk Forbund til ein samtale om døden. Arrangementet vil finna stad på Huldri galleri frå klokka 18:00

Naustdalsvegen 5
6800 Førde

Tenkjer du ofte på døden?
Eller er du mest oppslukt av livet her og no?

Vi har vore så heldige å få gravferdstalar Erik Andal Hofsten til å komme for å ta oss med på ein prat om døden.

Bli med på ein samtale om døden og livet. Korleis møter vi døden i dag? Korleis forheld vi oss til døden i vår tid, samanlikna med tidlegare tider?

Arrangementet er ope for alle. Velkomen.