Humanistkonferansen 2026 – Mennesket mellom forbruk og fornuft
Kva betyr vala våre – for oss sjølve, for samfunnet og for framtida? Human-Etisk Forbund Sogn og Fjordane inviterer til open humanistkonferanse med fagleg påfyll, samtalar og refleksjon.
Arrangementet er ope for alle – du treng ikkje vere medlem.
Korleis balanserer vi fridom, ansvar og fellesskap i ei tid prega av høgt forbruk, sterke bodskap og raske endringar?
Programmet byr mellom anna på:
- hovudforedrag ved Alexander Sandtorv
- faglege innlegg ved Kristian Starheim og Bjarne Melvær Berge
- gratis lunsj
- panelsamtale med innleiarane
- undringsløype i Jølet
- pausar, prat og rom for gode møte
Om hovudinnleiaren
Alexander Sandtorv har doktorgrad i kjemi og er kjend som «Noregs rikskjemikar». Han er ein tydeleg og roleg stemme i offentlegheita, kjent for å gjere vitskap og fakta forståeleg – og for å utfordre feilinformasjon og spekulativ marknadsføring.
Han er ofte å sjå i media som ekspert og samfunnsdebattant, står bak podkastar og live-konsept, og er ein profilert forfattar og skribent.
Greit å vite:
Arrangementet passar for ungdom og vaksne – om lag frå 14 år og oppover. Konferansen går frå morgon til ettermiddag.
Gratis deltaking og lunsj. Lunsj krev påmelding.
Påmelding er no open, bruk knappen under
Søndag 15. mars held Human-Etisk Forbund Sogn og Fjordane regionårsmøte for medlemmar.