Bli med å feire!
Pride på Husnes
Velkomen til å feire Pride på Husnes saman med HEF Kvinnherad. Vi feirar Pride med entusiasme og stoltheit! Skeives rettar er menneskerettar og ein av hjartesakene våre.
Vi møtest ved paviljongen i Husnesparken. Det blir tale ved Anders Totland, musikalsk innslag og så parade. Dette blir ei enkel og synleg markering for mangfald, inkludering og retten til å vere seg sjølv. ❤️🧡💛💚💙💜
Du treng ikkje ha verv eller kjenne nokon frå før – det er berre å møte opp og bli med. Om kvelden kl. 20.00 blir det gratis konsert med Nettothoughts & The Traveling Troubadours på Støyperiet pub.
Ta gjerne på fargerike klede, Pride-effektar eller HEF-T-skjorte om du har. 🌈
Har du spørsmål, kontakt gjerne Gaute Lund: gaute@lund.biz