10. august blei regnbogeflagget heist på rådhuset i Bømlo, for å vise støtte til «Storapride» i nabokommunen.
Det var formannskapet i Bømlo kommune som fatta vedtaket, fordi:
«Bømlo skal vere eit samfunn kor alle skal kunne bli inkludert og ha like sjansar i samfunnet, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisitet».
Dette blei for hard kost for nokre, og kommunen blei anmeldt for brot på flagglova av Partiet De Kristne.
(Lova opna i 2014 for å flagge med andre flagg enn det norske, samiske, kommunale eller fylkeskommunale på offentlege bygg.)
# Kva gjorde vi?
Natt til 26. august samla lokale frivillige seg og fargela Bømlo sentrum i regnbogefargar. Rundt 300 flagg blei hengt opp på torg og lags vegar, samt delt ut på trappa til Bømlingar for å gi dei moglegheita til å vise si støtte.
Vi vil alltid stå opp mot dei som ønskjer å innskrenke menneske sin fridom til å elske.